Kvifor undervise om holocaust?

Føremålet med å undervise i kva emne det skal vere, er å gjere elevane intellektuelt nysgjerrige slik at dei blir inspirerte til å tenkje kritisk og til personleg utvikling. Difor er det avgjerande at lærarane vurderer spørsmål om kvifor dei skal undervise i eit emne, når dei tek fatt på emnet.

Når lærarane tek seg tid til å vurdere grunnane til at dei går inn på holocaust, er det meir sannsynleg at dei vel ut eit innhald som interesserer elevane og gjev klarare forståing av ei kompleks historie.

Desse synspunkta kan kanskje medverke til at ein tenkjer gjennom grunnane til å undervise om holocaust:

  1. Holocaust var ei epokegjerande hending, ikkje berre for det 20. hundreåret, men i heile historia til menneskeætta. Det var eit forsøk på å myrde eit heilt folk og utslette kulturen deira, eit forsøk ein aldri hadde sett før. Holocaust bør studerast fordi det når alt kjem til alt, utfordra sjølve grunnlaget for sivilisasjon.
  2. Ei grundig undersøking av holocaust hjelper elevane til å tenkje over bruk og misbruk av makt, og kva for roller og plikter individ, organisasjonar og nasjonar har når vi blir konfronterte med brot på menneskerettane. Det kan gjere oss meir medvitne om risikoen for folkemord i verda i dag.
  3. Studium av holocaust medverkar til at elevane forstår utløparane av fordommar, rasisme, antisemittisme og stereotypi i eit samfunn. Det hjelper dei til å bli medvitne om verdien av mangfald i eit pluralistisk samfunn, og oppmodar dei til å vere sensitive når det gjeld stillinga til minoritetar.
  4. Holocaust demonstrerte korleis ein moderne nasjon kunne bruke den teknologiske ekspertisen og den byråkratiske infrastrukturen sin til å setje ut i livet destruktiv politikk, frå samfunnssystem til folkedrap.
  5. Holocaust gjev oss høve til å uforske farane ved å teie om undertrykking av andre og ikkje vise medkjensle med dei.
  6. Etter kvart som elevane får innsikt i dei mange historiske, sosiale, religiøse og økonomiske faktorane som til saman resulterte i holocaust, blir dei medvitne om kompleksiteten i den historiske prosessen, og dei får eit perspektiv på korleis eit samspel av faktorar kan gjere sitt til at demokratiske verdiar smuldrar. Elevane forstår at innbyggjarar i eit demokrati er ansvarlege for å lære å kjenne att faresignala og vite når dei skal reagere.
  7. Holocaust har vorte eit sentralt tema i kulturen i mange land. Det kjem fram i måten media framstiller dette på, og i populærkulturen. Undervisning om holocaust kan gje elevane historisk kunnskap og dugleik som krevst for å kunne forstå og evaluere desse kulturelle fenomena.