Retningsliner for undervisning om holocaust (shoah)

Undervisning om holocaust skal i regelen

  1. Fremje kunnskap om denne øydelegginga som er utan sidestykke tidlegare
  2. Ta vare på minnet om dei menneska som lei
  3. Oppmode lærarar og elevar til å tenkje over dei moralske og åndelege spørsmåla som hendingane omkring holocaust reiser, og som gjeld for verda i dag

Desse måla kan ein tydeleg sjå i desse definisjonane av holocaust:

Ved å dekkje seg bak andre verdskrigen prøvde nazistane, for å fremje sin «nye samfunnsorden», å utrydde alle jødar i Europa. For første gong i historia tok ein i bruk industrielle metodar til masseutrydding av eit heilt folk. Seks millionar vart myrda, av dei 1 500 000 born. Denne hendinga blir kalla holocaust.

Nazistane underkua og myrda òg millionar av andre. Ei mengd sigøynarar, fysisk og mentalt handikappa, polakkar, sovjetiske krigsfangar, fagforeiningsmedlemer, politiske motstandarar, samvitsfangar, homoseksuelle og andre vart drepne.

Imperial War Museum, London, Storbritannia

Holocaust er eit spesielt tilfelle av folkemord i historia til det 20. hundreåret: den statssponsora, systematiske forfølginga og utslettinga av europeiske jødar, utført av det nazistiske Tyskland med samarbeidspartnarar mellom 1933 og 1945. Jødane var dei primære offera - seks millionar vart myrda, og sigøynarar, handikappa og polakkar vart òg tilinkjesgjorde på grunn av rase eller av etniske eller nasjonale grunnar. Millionar av andre, mellom dei homoseksuelle, Jehovas vitne, sovjetiske krigsfangar og politiske avvikarar, vart òg utsette for sterk undertrykking og død under nazityranniet.

United States Holocaust Memorial Museum, Washington D.C., USA

Holocaust var mordet på ca. seks millionar jødar, gjort av nazistane og deira kollaboratørar. Frå den tyske invasjonen av Sovjetunionen sommaren 1941 og til slutten av krigen i Europa i mai 1945 tok Nazi-Tyskland og dei medskuldige sikte på å myrde alle jødar som høyrde heime i deira herredøme. Ettersom diskrimineringa av jødane tok til med at Hitler kom til makta i januar 1933, reknar mange historikarar dette som byrjinga på holocaustperioden. Jødane var ikkje dei einaste offera for Hitlers regime, men dei var den einaste gruppa som nazistane gjekk inn for å utrydde fullstendig.

Yad Vashem, Jerusalem, Israel

Undervisning om holocaust kan og skal vere ulik i ulike samanhengar. For at elevane skal kunne sjå skilnadene mellom holocaust og andre folkemord, skal ein skilje samanlikningane nøye, og også peike på likskapar.

Når ein underviser om holocaust, er det nyttig å stille seg sjølv tre grunnleggjande spørsmål:

  1. Kvifor skal eg undervise om holocaust?
  2. Kva skal eg lære elevane om holocaust?
  3. Korleis skal eg undervise om holocaust?

Det første spørsmålet involverer grunnane. Det andre spørsmålet gjeld utveljinga av informasjon, medan det tredje handlar om relevante pedagogiske tiltak ut frå elevgruppa. Desse retningslinene tek ikkje for seg spørsmåla 1 og 3. Dei vil bli behandla i andre retningsliner.

I tillegg til historie kan ein òg undervise om holocaust i andre fag, til dømes litteratur, psykologi og religion og livssynskunnskap.

Ettersom nasjonale og lokale minnemarkeringar blir rekna som verdifulle, rår ein til å støtte studiar i samband med slike aktivitetar.

Studiet av holocaust skal undersøkjast i europeisk historisk samanheng som ein heilskap. Vi oppmodar lærarane til også å undersøkje kva som skjedde lokalt. Lærarane skal setje hendingane om holocaust inn i ein samanheng ved å ta med opplysningar om

  • antisemittisme
  • livet til jødane i Europa før holocaust
  • følgjene av første verdskrigen
  • vegen til makta for nazistane

Når det gjeld dei historiske tema eller emna som er knytte til undervisning om holocaust, kan lærarane mellom anna undersøkje dette når dei utarbeider undervisningsopplegget om holocaust. Dei kan sjå denne historia ut frå perspektivet til desse personane:

  • offera
  • gjerningsmennene
  • kollaboratørane
  • tilskodarane
  • bergingsmennene

 

1933-1939

  • Diktatur i det nasjonalsosialistiske Tyskland
  • Jødedom i det tredje riket
  • Dei tidlege fasane i forfølginga
  • Dei første konsentrasjonsleirane
  • Reaksjonar i verda

 

1939-1945

  • Andre verdskrigen i Europa
  • Rasistisk ideologi og politikk hos nazistane
  • «Eutanasi»-programmet
  • Forfølging av og mord på jødar
  • Forfølging av og mord på ikkje-jødiske offer
  • Jødiske reaksjonar på politikken til nazistane
  • Gettoar
  • Mobile mordpatruljar
  • Utbreiing av leirsystemet
  • Mordsenter
  • Samarbeid med fienden
  • Motstand
  • Berging
  • Reaksjonar i verda
  • Dødsmarsjar
  • Frigjering

 

Etterverknad

  • Rettargang i etterkrigstida
  • Flyktningleirar og emigrasjon

 

Føremålet med desse retningslinene er å styrkje undervisninga i holocaust. Undervisninga vil variere frå land til land, frå skule til skule og frå tidspunkt til tidspunkt. Difor er det viktig å understreke behovet for at alle lærarar evaluerer sin eigen innsats i undervisninga.